A students life..

lørdag, januar 20, 2007

Another day in paradise

Koffor Hong Kong er fantastisk:

Folket her
Noke av det mest hjelpsomme folkslag eg noken gong har truffe på! Uansett ka vi har å spørre om, så er det alltid noken som kan hjelpe, og dei er GLADE for å kunne hjelpe. Peika og snakka, og ikkje minst SMILER! Det er riktignok noken unntak, som dama på Visumkontoret som berre var gretten men unnskylda ho med at det var over lunsjtid.
Etter noken daga her i Hong Kong, er dette rette ordet å bruke på dei fleste kineserar, skjønn. Alle er skjønne. Basta bom. Men som eg "frykta" på forhånd, der finst ingen kjekke kinesergutta her. Har til no berre sett en som kan karakteriserast som småkjekk, og han såg i tillegg ut til å vere blanding av mange forskjellige folkegrupper.


Effektiviteten
-For å begynde med kollektivtransporten, så kan en oppsummere den som nettopp effektiv. Mista du en buss, uansett kor den skal henne, så kjem der en ny om 5 min. Og det går buss overalt. Når en i tillegg har Octopus-card, er det komplett. For dei som lura på ka det er, så er det som et kontantkort som du fyller penga på, og som du kan bruke kvar gong du tar buss eller MTR(ting som går fort under bakken).
Også har dei laga korta slik at du slepp å ta det ut av lommeboka, og stappe det ned i en dings, slik som i Norge. Du tar rett og slett lommeboka og helde den over et apparat, som då fjerna penga fra kortet. Genialt rett og slett. Også er den så godt utbygd at sjøl om Hong Kong er megastort og uoversiktelig, så finne en uansett fram.
-Du står aldri å venta på en heis i meir enn 20 sek, maks. Og mange av heisane (iallefall på campus) går berre mellom 2 el 3 etasja, slik at en sleppe den unødvendige stoppinga overalt.
-Rulletrappene er satt opp slik at dei står ved sida av kvarandre, og en sleppe å gå milevis for å finne rulletrappa til neste etasje slik som i bergen.







Hong Kong Island = Høge bygninga.







Billig mat
Etter neste ei veke her i Hong Kong, har eg no begynt å sjå på middaga som kosta over 30 HKdollar(tilsvarer ca 24 NOK) som dyre. Det sette vel nivået på maten her nede:) Maten i seg sjøl e berre heilt fantastisk, viss en ser vekk fra maten
på campus. Den er nemleg til tider ekstremt dårlig.







Vi prøva desperat å ete me pinna.







Elektronikken
Overalt kor du går, er der mange elektronikkbutikka. Riktignok på samme prisnivå som heime, og dei som ikkje er det er skikkelig dårlige, men det gjer jo til at en går rundt og sikla på diverser duppeditta som telefon og pittesmå, nydelige mp3spelarar.

Der e et tonn med andre grunna, men kjem sjølsagt ikkje på det akkuart no:)