A students life..

søndag, januar 21, 2007

Universitetet vårt

Foreløpig er det ikkje så mykje eg kan seie om universitetet, bortsett fra at det er fint (og STORT). Og at det ligge i en stooor bakke. Og at vi bur i botnen av den bakken. For å komme opp til hovudbygget, har vi to alternativ. 1: ta heis. og det e mange av dei. Dei to første heisane går henholdsvis 10 og 11 etasja opp! så kan vi velge mellom å ta heis igjen eller gå rulletrapper opp dei siste 5-7 etasjane. Det andre alternativet er å gå. Men det er slitsomt og tar tid. Gjorde det første gangen før vi fant alle heisane.


Huset vårt

Rommet mitt er mindre enn det eg hadde i bergen, og no må eg i tillegg dele med en til. Lure på korleis det blir. Føle eg breia meg ganske bra akkurat no. Men det er heilt greit.
Universitetet, sett fra fotballbana

Og badet er ikkje så gale som eg hadde frykta. Det kunne gjerne vore bedre, men har sett verre. Det mest spennande er doane, der det tydlivis ikkje er så vanlig å sitte. Her er det hockeystilling som gjelde, omtrent som å skulle gå på do ute i naturen. Har prøvd det noken ganga, og knea mine e ikkje gla i den type dogåing. Lika heller bedre å overstrø doen med dopapir:)


Her er vi i på veranda i hovudetasjen

Jenny har lagt ut en film som vi har tatt fra den verandaen. Gå hit

Kan vel også nevne det litt sære våkemønsteret til dissa stakkarane her. Det er ganske stille i gangane her til klokka er rundt 1-2 på natta, då våkna beista opp. Masse roping, springing og gåing generelt i gangane gjer til at det ikkje er fullt så stille lenger. Har hørt at Hong Kong folk ikkje trenge meir enn 4-5 tima søvn kvar natt. Eg får vel berre høre på musikk eller kjøpe meg sov-i-ro.


Dessuten er alle sportslige fasiliteta heilt gratis å bruke så lenge en er student her:D Meg og Jenny prøvde ut svømmehallen i går. Fantastisk deilig å få bevegd på seg. I dag ska vi sjå om vi får jogga. Cricketkampen må berre bli ferdig først. Har aldri sett skikkeli cricket før, så det ska bli spennande.