Vi har fått venna!
Vi er såå gla for å ha fått oss venna! Også står vi i sola.
I går var vi på guida tur i New Territories, ikkje altfor spennande kan en vel trygt seie. Var veldig "artig" å sjå korleis folk bur utafor storbyen(ingen høge bygninga), men det vi såg på, syns eg var ganske likt. Veldig mange hus der en kunne be til døde folk (litt usikker på om det er rett beskrivelse), og dei begynte å sjå veldig like ut etter kvart.
Her er noken av dei forann en sånn ting
I dag har vi vore på øytur, først på Po Toi og gjekk rundt der ei god stond. Veldig flott natur, skal definitivt tilbake dit. Der såg vi på masse forskjellige steinformasjona som lokalfolket er veldig opptatt av, som hand, skilpadde og sittande munk.
Meg og to svenske jenter
Mange av folka
Jenny og Sigrid
Deretter reiste vi til Lamma Island. Der åt vi lunsj. Etter å ha ete sjømat her i to daga, kan eg vel seie at eg ikkje er veldig begeistra for den delen av kinesisk mat. Heilt grei, men ikkje noke meir enn det. Smaka veldig lite egentli, og det som smaka, er veldig rar.
Etter lunsjen gikk vi såvidt rundt, før vi reiste tilbake. Dagen kan seiast å vere ytterst vellykka!
Fantastisk skjønn onge
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home