A students life..

søndag, januar 28, 2007

Slappe av dag

I dag skal bli en skjønn dag. I dag skal eg ha slappe-av-dag! Dei siste dagane har vore så utruli hektiske at det skal bli godt med litt tid til å sitte.

I går slengte vi, og endel fra engineering og andre fra science, oss på en lokal tur for businessfolka.

Mange av oss som hengte oss på

Turen gjekk først til Stanley Market der eg fekk handla meg endel. Faktisk fann eg meg et par sko i min størrelse. Det hadde eg ikkje trudd! Har dessuten også funne den perfekt handlepartner i ei jente fra Østerrike, Sarah. Lika stort sett dei samme tinga, så foruten skoa, klarte eg å få kjøpt meg et skjørt, ei morgenkåpe og ei veske. Og det på berre en liten time. Og før turen fortsatte, måtte vi sjølsagt ha oss litt dim sum:


Jenny, Sigrid og Sarah

Når det var overstått, reiste opp på Victoria Peak. Det var fantastisk der oppe, det var utsikt over store dela av Hong Kong Island.

Hong Kong/Central

Seinare på kvelden fekk vi samla mange av utvekslingsstudentane på et av common-romma i New Hall (som forøvrig er utruli mykje finare enn dei andre hallane). Kjempegøy! Etterpå bevegde vi oss mot sentrum, og det var ikkje fullt så gøy. Men, kan ikkje vere fornøgd heile tida ;)