A students life..

mandag, januar 29, 2007

Første dag på skule

Då var den første dagen på uni unnagjort. Blanda følelsa over det kan en seie. For det første betyr det at dassinga mi rundt omkring må slutte, og for det andre kjem eg til å fryse ihjel under forelesing. Dei elska virkeli aircondition her nede. Har lyst å kverke dei. Det var særlig en sal som va ille, der satt eg med jakke på (det gjorde eg forøvrig i alle timane), og likevel skalv eg. Argh. Men felles for dei fleste faga eg har hatt i dag, er at dei virka veldig gøy. Også har eg fått meg kinesisk navn i dag: Han Hui. Og ikkje spør meg om korleis en skal uttale det, for har virkeli ingen anelse.

Det eg er mest overraska over meg sjøl etter dagen, er at eg faktisk gleda (!) meg til å ha det som tilsvara informatikk 1o1 heime i Bergen. Sjøl om eg ikkje ana korleis eg skal komme meg gjennom det, så syns eg det e litt gøy.
Utover Comp102, som Inf100 heite her nede, skal eg ha kinesisk, astrofysikk (hurra hurra), kvantemekanikk og termodynamikk. Det mest gøye, er nok kanskje astrofysikk. Det er berre så synd at eg burde hatt termodynamikken FØR eg skulle hatt astrofysikk, men shit happens. Også er eg den einaste kvite i den klassa. Og dessuten er det berre 3 andre jenter der, i ei klasse på 60. Og den einaste som ikkje snakka kinesisk. Men forelesar virka iallefall kjempegøy!

Hallen min, berre for å få med bilde:P


Og no når eg skulle til å legge inn bilder av vår norsk-liknande frokost ("grov"skive med leverpostei og agurk. NAM!), merka eg at dei har forsvunne, mest sannsynli når eg skulle overføre dei fra en plass til en anna. Datamaskiner er rare. Og domme, som vi har lært i informatikk.