A students life..

lørdag, februar 03, 2007

Kor forsvann dagane?

Som oppsummering av veka, kan eg seie at det har vore ei veldig gøy veke. Gleda meg veldig til noken av faga, sjøl om eg trur eg kjem til å droppe kvantemekanikken då eg trur eg har hatt det før. Noke som er veldig ergelig sia eg då ikkje får ta noken av dei faga eg burde ta med hensyn på master. Som igjen betyr at eg mest sannsynli må utsette master.

Men nok om det. På onsdag var vi på en velkomstfest arrangert av AISEC(?), altså fest for utvekslingsstudenta. Her var det leika, noke som minna om speeddating og noke som minna om ølstafett. Speeddatinga gjekk ut på at guttane sto i sirkel innerst, jentene ytterst. Så skulle en snakke med den som sto forrann en, til arrangørane ba oss om å bytte(jentene skulle ta et steg til venstre). Det var berre så synd at nesten alle eg snakka med, var asiatere, dvs slike som vi ikkje snakka/henge ilag med så mykje. Og når vi endelig kom til dei vestlige, så stoppa vi. Men men.
Diverse folk

I løpet av kvelden vart eg kjent med mange nye folk, blandt anna Luke og Tory. Og fann ut at Luke var veldig gla i countrymusikk, så han skal lage cd til meg og Jenny med diverse på :D

??(ja, meg og navn), Luke, Tory og meg.

Velkomstfesten var slutt kl 10, så då reiste vi inn til Wan Chai, til Skitz for Ladies Night. På veien mista vi også Luke når vi skulle bytte MTR, og det viste vel egentli at MTR'en ikkje lika oss så veldig godt lenger. Vi har tidligare klart å miste Sigrid der nede(glømte nesten å gå av, så måtte hoppe av MTR'en, men var berre meg og Jenny som kom oss ut), og ellers heilt gløymt å gå av på utvalgte stoppeplassa.
Vil også gjerne nevn meir om galne HongKong folk. Det er visst studentvalg eller et eller anna på gang for tida. Det betyr at alle organisasjona av alle slag er i full aktivitet på universitetsområdet. Som igjen betyr at det er komplett umulig å bevege seg i hovudbygninga. Det er eit område der oppe som er STAPP full med irriterande folk som absolutt skal presse på deg både det eine og det andre. Sjå for deg Torgalmenningen og dei irriterande telefonselgerane der. Det er ille nok viss du støte på 3 av dei iløpet av en tur. Tenk så at HEILE Torgalmenningen er full av telefonselgerane. Slik føles det å gå gjennom den plassen. Og gjennom den må vi kvar dag for å komme oss til klasser. Grøss. Og rundt lunsjtider tar det heilt av! Plutselig står alle forskjellig organisasjona og skrike(!) til kvarandre av full hals, og vifta med flagg og herja på. Eg tulla faktisk ikkje. Når vi var på turen vår på tirsdag, kunne vi høre dei heilt opp på den lille fjelltoppen. Det er ille.