A students life..

søndag, februar 25, 2007

helg snart over..

Då er helga snart over. Uten at eg har fått så mykje ut av den. Har nemlig vore litt småsjuk, så har stort sett berre sove. Litt behageli å slappe av også, men når eg i dag ser ut glaset og ser småskyer her og der pluss sol, då har eg mest lyst ut å gå meg en tur!

Ellers er skulen i gang for fullt, etter ferien har eg allerede hatt en quiz og en onlinetest. Neste veke skal der vere ikkje mindre enn 1 onlinetest, 3 innleveringa og 2 quizza. Joda, det hopa seg opp.

Også veit eg no ikkje heilt om eg ska vere urolig eller ka eg ska vere. For min romvenninde har enda ikkje komt heim igjen. Og klokka er snart 1600. Dvs, ho gikk ut i går rundt 1600, skulle inn til byen og sjå på data med beskjed om at ho kom til å komme heim seint! Og ja, det e ganske seint no. Men sia ho kom heim i går tidli kl halv11 på morningen, så ska eg kanskje gå ut fra at ho også dinna natta har spelt poker med venna? Hmm..

Då får eg gå tilbake til kjekke kvantemekanikk! Det gode med å ha så masse testa heile tida, er iallefall at eg må lese på ting godt!! Kanskje eg sleppe å stresse sånn før eksamen? *håpe,håpe*