A students life..

tirsdag, januar 30, 2007

Romvenninda mi

Tenkte eg skulle fortelle litt om romvenninda mi. Ho er fra Singapor, og eg trur ho er den mest skjønne personen eg har møtt:) Og fordi ho er fra Singapor og ikkje er lokal honkonggærning, så sovna ho på tolerange tider (mellom 11 og 12), og dessuten lika like lite all den kulden som dei har her. Vi sitte begge to inntulla i dynene våre og styra enten med data eller andre koselige ting :)

Dessuten trur eg ho har verdens beste sovehjerte! Slik som i dag tidlig. Eg kan bråke og herje så masse eg berre kan, ho høre det ikkje. I dag våkna ho av at ei vaskedame kom inn på rommet med gardintrapp og greier for å vaske døra, men like etter sovna ho igjen. Og når Jenny litt etter kom inn på rommet og ropte(!) HALLO, så har ho ikkje våkna til det heller. Trur ditta kan bli bra eg:) Men navnet honna e fortsatt et stort mysterium for meg. Trur ho heite noke sånt som Huang He. kanskje.

Andre dag på skulen

Då var andre dag unnagjort. Hadde berre ei forelesing i dag, i kvantemekanikk. Gleda meg til det faget, for forelesaren var fantastisk! Og før forelesinga, var eg og Jenny og svømte. Som vi virkeli må prøve å fortsette med, for det var en veldig fin start på dagen.
Etter forelesing (og lunsj), bestemte vi oss for å dra på tur. Vi har funne et kart som viser turstiar i nærheten. Vi fekk med oss 2 gutta som heiter Andy og Jonas, og satte av gårde. I starten va iallefall eg og jenny litt skuffa, for det var berre betongvei. Men det endra seg raskt. Det viste seg at vi hadde tatt en anna vei, ikkje den vi tenkte å ta. Etter masse styr, fann vi endelig en sti som skulle ta oss tilbake til den opprinnelege. Her tok imidlertidig betongsti slutt, og vi befann oss på en sti som nok ikkje er så masse brukt. Og den gjekk vi stort sett på resten av veien. Stien var stort sett overgrodd av stikkande, tørre busker. Beina mine er no så oppskrapa og røde, dessuten har buksa mi fått ei stor flenge. Men, dæven så gøy det var! Skal definitivt ha på lang bukse neste gang, for det gjorde veldig vondt å skrape opp beina sine heile tida. Og Johan, viss du lese det her, du hadde elska den bakken vi gjekk opp! Kjempebratt som hadde vore veldig gøy å springe ned (iallefall for Johan).


Skrivepulten min..

Også har rommet mitt blitt så utruli koselig no, fekk nemlig brev fra mamma i går med diverse igjengløymte ting, deriblandt noken av bilda mine. Så no kan eg sitte å sjå på alle folka heime når eg savna dokke:)
Kan også ta med noken andre bilder av rommet mitt:

Ja, eg har Ole Brum-dynetrekk:D

Så bredt er rommet mitt.

mandag, januar 29, 2007

Første dag på skule

Då var den første dagen på uni unnagjort. Blanda følelsa over det kan en seie. For det første betyr det at dassinga mi rundt omkring må slutte, og for det andre kjem eg til å fryse ihjel under forelesing. Dei elska virkeli aircondition her nede. Har lyst å kverke dei. Det var særlig en sal som va ille, der satt eg med jakke på (det gjorde eg forøvrig i alle timane), og likevel skalv eg. Argh. Men felles for dei fleste faga eg har hatt i dag, er at dei virka veldig gøy. Også har eg fått meg kinesisk navn i dag: Han Hui. Og ikkje spør meg om korleis en skal uttale det, for har virkeli ingen anelse.

Det eg er mest overraska over meg sjøl etter dagen, er at eg faktisk gleda (!) meg til å ha det som tilsvara informatikk 1o1 heime i Bergen. Sjøl om eg ikkje ana korleis eg skal komme meg gjennom det, så syns eg det e litt gøy.
Utover Comp102, som Inf100 heite her nede, skal eg ha kinesisk, astrofysikk (hurra hurra), kvantemekanikk og termodynamikk. Det mest gøye, er nok kanskje astrofysikk. Det er berre så synd at eg burde hatt termodynamikken FØR eg skulle hatt astrofysikk, men shit happens. Også er eg den einaste kvite i den klassa. Og dessuten er det berre 3 andre jenter der, i ei klasse på 60. Og den einaste som ikkje snakka kinesisk. Men forelesar virka iallefall kjempegøy!

Hallen min, berre for å få med bilde:P


Og no når eg skulle til å legge inn bilder av vår norsk-liknande frokost ("grov"skive med leverpostei og agurk. NAM!), merka eg at dei har forsvunne, mest sannsynli når eg skulle overføre dei fra en plass til en anna. Datamaskiner er rare. Og domme, som vi har lært i informatikk.

søndag, januar 28, 2007

Slappe av dag

I dag skal bli en skjønn dag. I dag skal eg ha slappe-av-dag! Dei siste dagane har vore så utruli hektiske at det skal bli godt med litt tid til å sitte.

I går slengte vi, og endel fra engineering og andre fra science, oss på en lokal tur for businessfolka.

Mange av oss som hengte oss på

Turen gjekk først til Stanley Market der eg fekk handla meg endel. Faktisk fann eg meg et par sko i min størrelse. Det hadde eg ikkje trudd! Har dessuten også funne den perfekt handlepartner i ei jente fra Østerrike, Sarah. Lika stort sett dei samme tinga, så foruten skoa, klarte eg å få kjøpt meg et skjørt, ei morgenkåpe og ei veske. Og det på berre en liten time. Og før turen fortsatte, måtte vi sjølsagt ha oss litt dim sum:


Jenny, Sigrid og Sarah

Når det var overstått, reiste opp på Victoria Peak. Det var fantastisk der oppe, det var utsikt over store dela av Hong Kong Island.

Hong Kong/Central

Seinare på kvelden fekk vi samla mange av utvekslingsstudentane på et av common-romma i New Hall (som forøvrig er utruli mykje finare enn dei andre hallane). Kjempegøy! Etterpå bevegde vi oss mot sentrum, og det var ikkje fullt så gøy. Men, kan ikkje vere fornøgd heile tida ;)



fredag, januar 26, 2007

Litt av kvart

Siste dagane har gått veldig fort, plutselig har det blitt fredag! På onsdag sjekka vi ut utelivet i Hong Kong. Vi var en stor gjeng på 40-50 stk som reiste innover, og vi hadde det utrulig gøy.


På minibussen


Torsdag var forholdsvis rolig. Sov lenge, gjekk deretter stort sett og dassa rundt noken tima. Fann også ut at eg endelig har fått internettting i veggen som funka, so now I'm back in business :) syns så synd i Sigrid som har sånn problem med dataen sin.

I 6-tida reiste noken av oss inn til byen for å gå på marked. Vimsete oss kom ikkje fram til markedet før rundt 10. På vei til markedet bestemte vi oss nemlig for å sjå på lysshowet som skulle vere på Hong Kong Island kl 8. Vi fann oss en fin, god restaurant på Avenue of Stars (den beste plassen å sjå lysshowet fra) på Kowloon sida. Fantastisk god mat, einaste var at vi tydligvis befann oss på en litt feil del av Avenue of Stars, så fekk berre sjå den borterste delen av lysshowet. Dessuten var der ei stemme som skulle fortelle ka bygninga som var opplyst, men den var på kantonesisk eller mandarin den kvelden. Men, den var ganske flott å sjå på.


Jenny, Marthe og Mikael i kjent HK-stil






Litt av lysshowet


Etterpå for vi på marked, Temple Street Night Marked. Her kan en få veldig masse flott billig, så skal definitivt tilbake der ja. Kjøpte meg ei klokke (ca 16 NOK), et smykkesett og øreringa. Vart liksom dratt til smykkedelen heile tida.. Merkeli med det. Prøvde også å finne meg bukse, men ja. Det var ditta med at eg føle meg som en kjempe her nede. Buksene e litt for små. Særlig rompa mi får ikkje plass. Kanskje eg må begynde på diett som alle hong kong folk gjer? HAHA! never. Då får eg heller finne meg i at eg ikkje får meg ny bukse på ei stond.

I dag har vi hatt orientering om uni, og fått informasjon fra science department. Dessuten har vi no fått sett alle utvekslingsstudenta som er på Sciencedelen. En skulle kanskje tru at på en skule som heiter Hong Kong University of Science and Technology, så skulle Science og Technology ha flest folk, men neida. Business har det største overtall av både lokale studenta og utvekslinsstudenta. Business har for eksempel 150 utvekslingsstudenta, mens Engineering ha 50 og Science har ca 30. Og av dei 30, var det berre 5 skandinaviarar og 2 amerikanerar mens resten er fra Kina. Jaja, vi ska henge oss på businessfolka vi:)


Før vi skal til lunsj. Det er SOOL.

Som en ekstra kommentar til bildet: Det har dei siste dagane vore masse sol her i HK! I love it! Har til og med blitt litt solbrent i ansiktet. I januar. Og det er dessuten også intererresant å bli solbrent mens en halvveis fryse.

Etter informasjonen fra Science, var det lunsjtid. Vi fekk fantastisk god mat, buffee, og i dessertdelen var der blandt anna ei sjokoladefontene! NAM!

Dessuten har vi vore til sentrum (igjen) og fått henta visum til Kina, hurra hurra! 220 HK$, så kan vi reise inn 2 ganga. Spennande.

onsdag, januar 24, 2007

Vi har fått venna!

Etter at vi har vore her i over ei veke, såg vi oss nødt til å krype ut av holet vårt og møte litt nye folk. Det vart braksuksess. I går og i dag har vi vore på guida tur rundt om i Hong Kong. Der var også med en mengde andre utvekslingsstudenta fra rundt om i verden. Der er definitivt overvekt av amerikanerar, svenska og nordmenn(!), men der finst også individ fra danmark, østerrike, tyskland og frankrike i gruppa. Veldig mange koslige folk som vi garantert kjem til å ha det mykje moro ilag med!





Vi er såå gla for å ha fått oss venna! Også står vi i sola.


I går var vi på guida tur i New Territories, ikkje altfor spennande kan en vel trygt seie. Var veldig "artig" å sjå korleis folk bur utafor storbyen(ingen høge bygninga), men det vi såg på, syns eg var ganske likt. Veldig mange hus der en kunne be til døde folk (litt usikker på om det er rett beskrivelse), og dei begynte å sjå veldig like ut etter kvart.


Her er noken av dei forann en sånn ting




I dag har vi vore på øytur, først på Po Toi og gjekk rundt der ei god stond. Veldig flott natur, skal definitivt tilbake dit. Der såg vi på masse forskjellige steinformasjona som lokalfolket er veldig opptatt av, som hand, skilpadde og sittande munk.


Meg og to svenske jenter



Mange av folka


Jenny og Sigrid



Deretter reiste vi til Lamma Island. Der åt vi lunsj. Etter å ha ete sjømat her i to daga, kan eg vel seie at eg ikkje er veldig begeistra for den delen av kinesisk mat. Heilt grei, men ikkje noke meir enn det. Smaka veldig lite egentli, og det som smaka, er veldig rar.
Etter lunsjen gikk vi såvidt rundt, før vi reiste tilbake. Dagen kan seiast å vere ytterst vellykka!

Fantastisk skjønn onge

tirsdag, januar 23, 2007

Disneyland

I går va vi i Disneyland. Utruli koselig, men litt skuffande då der ikkje va noken skikkeli berg-og-dalbane der. Men vi klarte oss no, gikk rundt og såg på disneyfigura, va onga igjen for en stakkars dag.


I stedet for å prøve å forklare dagen, har vi heller laga en fantastisk liten video som viser alt vi har gjort på:
>

Etter at vi følte vi hadde sett alt der inne, bestemte vi oss for å vere litt meir turista, og tenkte vi skulle ta en cable-car opp på noke som viste seg å vere et fjell. Problemet var at fjellet var innhylla i tåke, så det droppa vi ganske fort.

Lykken snudde seg også ganske fort då vi oppdaga et shoppingsenter med fabrikkutsalgsbutikka, Nike, Adidas, quicksilver og en drøss med andre. Dessverre for meg har Nike litt for korte kle til meg, dessuten ikkje min skostr, så nike va ikkje min butikk der nei. Ga min kvote til Jenny, og hoppa fornøgd vidare til neste( quicksilver). Der fann eg meg en genser, en litt tynnare genser og ei t-skjorte. Fordi eg heile tida har i bakhaudet at vi snart skal til Kina, er eg flink, og klara å begrense meg.

Som om ikkje dagen var god nok, så klarte vi på et mirakuløst vis å finne en restaurant med SKIKKELI god mat! Hadde nesten mista håpet på å finne en restaurant som hadde så god mat som vi hadde blitt lova.
Sigrid og Jenny på nammenam-restaurant

søndag, januar 21, 2007

skype

Då har eg fått meg Skype her i Hong Kong. Brukernavn er hege.erdal, så det er berre å kontakte meg dersom du har skype:D

Her er forøvrig litt av velkomstmeldinga fra skype:
Vi vil gjerne si hei, og takke for at du lastet ned Skype. Hei, og vi mener virkelig dette, og takk for at du lastet ned Skype.
Syns det var ei veldig morsom melding å få.

Universitetet vårt

Foreløpig er det ikkje så mykje eg kan seie om universitetet, bortsett fra at det er fint (og STORT). Og at det ligge i en stooor bakke. Og at vi bur i botnen av den bakken. For å komme opp til hovudbygget, har vi to alternativ. 1: ta heis. og det e mange av dei. Dei to første heisane går henholdsvis 10 og 11 etasja opp! så kan vi velge mellom å ta heis igjen eller gå rulletrapper opp dei siste 5-7 etasjane. Det andre alternativet er å gå. Men det er slitsomt og tar tid. Gjorde det første gangen før vi fant alle heisane.


Huset vårt

Rommet mitt er mindre enn det eg hadde i bergen, og no må eg i tillegg dele med en til. Lure på korleis det blir. Føle eg breia meg ganske bra akkurat no. Men det er heilt greit.
Universitetet, sett fra fotballbana

Og badet er ikkje så gale som eg hadde frykta. Det kunne gjerne vore bedre, men har sett verre. Det mest spennande er doane, der det tydlivis ikkje er så vanlig å sitte. Her er det hockeystilling som gjelde, omtrent som å skulle gå på do ute i naturen. Har prøvd det noken ganga, og knea mine e ikkje gla i den type dogåing. Lika heller bedre å overstrø doen med dopapir:)


Her er vi i på veranda i hovudetasjen

Jenny har lagt ut en film som vi har tatt fra den verandaen. Gå hit

Kan vel også nevne det litt sære våkemønsteret til dissa stakkarane her. Det er ganske stille i gangane her til klokka er rundt 1-2 på natta, då våkna beista opp. Masse roping, springing og gåing generelt i gangane gjer til at det ikkje er fullt så stille lenger. Har hørt at Hong Kong folk ikkje trenge meir enn 4-5 tima søvn kvar natt. Eg får vel berre høre på musikk eller kjøpe meg sov-i-ro.


Dessuten er alle sportslige fasiliteta heilt gratis å bruke så lenge en er student her:D Meg og Jenny prøvde ut svømmehallen i går. Fantastisk deilig å få bevegd på seg. I dag ska vi sjå om vi får jogga. Cricketkampen må berre bli ferdig først. Har aldri sett skikkeli cricket før, så det ska bli spennande.

lørdag, januar 20, 2007

Another day in paradise

Koffor Hong Kong er fantastisk:

Folket her
Noke av det mest hjelpsomme folkslag eg noken gong har truffe på! Uansett ka vi har å spørre om, så er det alltid noken som kan hjelpe, og dei er GLADE for å kunne hjelpe. Peika og snakka, og ikkje minst SMILER! Det er riktignok noken unntak, som dama på Visumkontoret som berre var gretten men unnskylda ho med at det var over lunsjtid.
Etter noken daga her i Hong Kong, er dette rette ordet å bruke på dei fleste kineserar, skjønn. Alle er skjønne. Basta bom. Men som eg "frykta" på forhånd, der finst ingen kjekke kinesergutta her. Har til no berre sett en som kan karakteriserast som småkjekk, og han såg i tillegg ut til å vere blanding av mange forskjellige folkegrupper.


Effektiviteten
-For å begynde med kollektivtransporten, så kan en oppsummere den som nettopp effektiv. Mista du en buss, uansett kor den skal henne, så kjem der en ny om 5 min. Og det går buss overalt. Når en i tillegg har Octopus-card, er det komplett. For dei som lura på ka det er, så er det som et kontantkort som du fyller penga på, og som du kan bruke kvar gong du tar buss eller MTR(ting som går fort under bakken).
Også har dei laga korta slik at du slepp å ta det ut av lommeboka, og stappe det ned i en dings, slik som i Norge. Du tar rett og slett lommeboka og helde den over et apparat, som då fjerna penga fra kortet. Genialt rett og slett. Også er den så godt utbygd at sjøl om Hong Kong er megastort og uoversiktelig, så finne en uansett fram.
-Du står aldri å venta på en heis i meir enn 20 sek, maks. Og mange av heisane (iallefall på campus) går berre mellom 2 el 3 etasja, slik at en sleppe den unødvendige stoppinga overalt.
-Rulletrappene er satt opp slik at dei står ved sida av kvarandre, og en sleppe å gå milevis for å finne rulletrappa til neste etasje slik som i bergen.







Hong Kong Island = Høge bygninga.







Billig mat
Etter neste ei veke her i Hong Kong, har eg no begynt å sjå på middaga som kosta over 30 HKdollar(tilsvarer ca 24 NOK) som dyre. Det sette vel nivået på maten her nede:) Maten i seg sjøl e berre heilt fantastisk, viss en ser vekk fra maten
på campus. Den er nemleg til tider ekstremt dårlig.







Vi prøva desperat å ete me pinna.







Elektronikken
Overalt kor du går, er der mange elektronikkbutikka. Riktignok på samme prisnivå som heime, og dei som ikkje er det er skikkelig dårlige, men det gjer jo til at en går rundt og sikla på diverser duppeditta som telefon og pittesmå, nydelige mp3spelarar.

Der e et tonn med andre grunna, men kjem sjølsagt ikkje på det akkuart no:)


fredag, januar 19, 2007

Hong Kong

For en fantastisk dag! Endelig har eg fått internett på rommet. Håpa berre ikkje min romkamerat kjem hit på noken daga, det er nemleg honna internettforbindelse eg låna. Som om ikkje det var nok, har blitt enda bedre venn med blogspot + at eg endelig har fått en HUB som faktisk virka(har til no kjøpt 2 som ikkje virka). Det betyr altså at alt er blitt mykje enklare for meg:) Og eg kan begynde å fortelle om mitt spennande liv her i Hong Kong.


Og det er vel på sin plass og begynde med begynnelsen. Som bestod i flyreisa. Det starta veldig flott, men at flyet vårt til København var kansellert. Supergøy! Men det viste seg at den kanselleringa gjorde flyturen vår litt bedre, vi fekk dermd bedre tid i Frankfurt. Vi fikk no plass på et fly til Oslo, deretter skulle vi til Frankfurt.

Resten av reisa gikk veldig bra, bortsett fra at Jenny, Sigrid og meg ikkje fikk sitte ilag, men derimot rett bak kvarandre. Teit påfunn, sia alle veit at vi ikkje kan holde kjeft i 11 tima i strekk, og resultat va litt roping mellom seteradene for kontakt. Dessuten satt alle tre mellom kvar sine 2 store menn, som likte veldig godt å både spre arma og bein. Hadde til tider veldig dårlig plass ja.
Sigid og Jenny MENS vi faktisk får sitte ilag.

På flyplassen i Frankfurt mens vi venta på bagasje som aldri kom. Bagasjen klarte nemlig å komme seg fra oslo-frankfurt-fly til frankfurt-hongkong-fly heilt av seg sjøl! Men, litt venting gjer ingenting, då kan vi jo sitte på bagasjetralle:D
For fleire bilder(også fra avskjedsfest) gå til bildene mine her

torsdag, januar 18, 2007

TADAAAAAA

Og der har eg laga meg ny blog. Etter litt hjelp fra Jenny(!) saa trur eg faktisk at eg no lika blogspot nok til aa gaa vekk fra msn-space. Pga manglar av diverse bokstavar, skal eg komme naermare tilbake med meir seinare :)

Forelopig kan eg seie at Hong Kong e en fantastisk by, og menneska her kan karakteriserast som skjonne. I love them!